Leseutfordring: Turka støv

Bokhyllene mine bugnar over av bøker eg ikkje har lese. Det byrjar å gå so langt at eg ikkje heilt veit kor eg skal setja nye som kjem i hus – so no står dei dobbelt. Derfor skal eg i år kjøpa mindre bøker (men låna meir, sidan eg trass alt jobbar på bibliotek) – og lesa dei eg allereie har!

Målet er 12 bøker i løpet av året, sjølv om eg kjem seint i gang.

1. Finale, av Becca Fitzpatrick
2. Talking to Addison, av Jenny Colgan
3. Frå Ragnar til alle, av Ragnar Hovland
4. The Fault in Our Stars, av John Green
5. & me skal bli omskapte, av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland
6. Death Comes to Pemberley, av P. D. James
7. The Here and Now, av Ann Brashares
8.
9.
10.
11.
12.

Reglane er elles enkle: alle bøker må vera komne i hus før 2014. Det kan vera alle sjangrar, språk og tema, inkludert lydbøker, om nokre av dei ligg på vent – og det gjer dei jo…

Denne utfordringa – og nødvendigheiten – er inspirert av Tones bokside og del av My Reader’s Block sin 2014 Mount TBR Challenge. Dette nivået er Pike’s Peak, og held i massevis for meg…

Ei tilbakemelding

  1. […] 6. lesa bøker eg allereie har i hylla (TBR Challenge) […]

    Likar

Kommenter innlegget